Oppgradere sikringsskap
Har du vurdert å byte sikringsskap? For å ha eit godt utgangspunkt ved oppgradering av elektrisk anlegg bør du oppgradere sikringane til nye automatar som oppfyller dagens standard.
Med eit aukande behov for straum til apparat av alle slag kan det gamle sikringsskapet ditt vera underdimensjonert og kursa vil bli overbelasta og vera potensielt brannfarleg. Så mykje som kvar fjerde brann i norske heimar kjem av feil på det elektriske anlegget så det er viktig å ha eit anlegg som fungerer optimalt.
Kvifor oppgradera?
- Automatsikringar er tryggare
- Dimensjonert for auka straumbelastning
- Feil i anlegget blir oppdaga raskt
- Enklare å bruka - ingen skrusikringar
Kor mykje kostar det å byta ut sikringsskap?
Prisen varierer etter storleiken på prosjektet. Er det få rom og sikringar, så er både tidsbruk og materialbruk mindre. Ein større einebustad med mange rom og sikringar tek lengre tid. Sidan straumvanane våre endrar seg så kan det også vera behov for fleire kursus eller å leggja opp nye kontaktar i same jobb.
Treng eg ny innmat eller nytt sikringsskap?
Som regel nyttar me eksisterande sikringsskap og oppgraderer berre innmaten, det vil seia alle sikringar og koplingar inni skapet. Dersom du ønskjer ein ny utsjånad på eit eksisterande sikringsskap, finst det rehab-løsninger som kan nyttast.
Kort fortalt: Sjølv om sikringane dine er gamle, treng ein nødvendigvis ikkje å byta sjølve sikringsskapet. Me hos Sunnfjord Elektro kjem gjerne med tips om korleis me kan oppgradera det elektriske anlegget ditt.
Moderne sikringsskap
Nyare sikringsskap gjer det enkelt og sjekka eventuelle feil som måtte oppstå, anten i det elektriske anlegget eller apparat. Med automatsikringar kan du enkelt "slå dei på" når dei har gått. Nyare sikringsskap inneheld også jordfeilbrytar og overspenningsvern som skal oppdaga varmgang og verna elektriske apparat ved endring i spenninga. Ta kontakt med oss og send gjerne bilete av sikringsskapet ditt. Så kan me ta ei avgjerd på kva du burde gjera!