Vi treng fleire dyktige montørar!
Vi har styrka satsinga vår på å bli større innanfor våre kjerneområder. Sunnfjord Elektro treng fleire dyktige montører på laget! Er Du den rette?
Sunnfjord Elektro utgjer no 24 tilsette som jobbar med å levere elektroinstallasjonar av høg kvalitet til privat- og bedriftskundar i Førde. I kvardagen er alle ute på eigne prosjekt, og vi har derfor eit fokus på å ha eit godt sosialt miljø på og utanfor jobb, der alle blir inkluderte.
Hos oss er det eit veldig godt samhald med kort linje mellom leiar og medarbeidar. Me er gode på sosiale samankomstar og firmaturar, og har trua på at eit godt samspel på privaten, styrkjer gleda og samhaldet på jobb.
Hos oss er du innom det meste i bransjen, men dei siste åra har vi vorte store innan serviearbeid, prosjektarbeid som nybygg, ladeparkar, serviceavtalar og solcelle. Vi er opptekne av å ta i bruk ny teknologi og løysingar som kjem på marknaden. På denne måten sikrar vi at bedrifta er konkurransedyktig og det gir spennande oppgåver for elektrikarane våre.
Vi ser kvar enkelt montør og behova deira i kvardagen, anten det gjeld arbeidsoppgåver, ønske om utvikling eller meir ansvar. Av den grunn står vi klare til å hjelpa deg med kompetanseheving gjennom kursing og seminar.
Som elektrikar i Sunnfjord Elektro, er du ansiktet vårt utetter. Derfor er det viktig at ein er hyggjeleg og imøtekommande. Det er veldig positivt om du som person er ansvarsmedviten, løysingsorientert og frampå.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
Utføre alle typar oppdrag fagleg- og forskriftsmessig riktig
Dokumentasjon av oppdragene
Ansvar for framdrift i ulike oppdrag
Utgreiingar/feilsøking av tekniske systemer
Kommunikasjon med kundar og serviceleiar
Ønskte kvalifikasjonar
Fagbrev gruppe L
Engasjert, strukturert og serviceinnstilt
Lang erfaring frå elektro service og sjølvstendige oppdrag
God kjennskap til HMS i elektrobransjen
Førarkort for personbil
Du har gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
Ei stilling i eit solid selskap med høgt kvalifiserte kollegaer
Gode moglegheiter for fagleg og personleg vidareutvikling
Konkurransedyktige lønnsvilkår
Gode pensjonsordningar, AFP og personalforsikringar
Servicebil
Søknad med CV sendast snarast per epost til: